1. Dødsfallet inntreff

Lege skal fylle ut dødsattesten "Legeerklæring om dødsfall." Dette kan gjerest tidlegast to timer etter dødsfallet. Skjer dødsfallet på institusjon eller på eit sjukehus, tilkallast lege automatisk. Skjer dødsfallet i bustad må dei pårørande sjølve ta kontakt med næraste legevakt.
Dødsattesten må vere utfylt før den avdøde kan hentast.

2. Henting av den avdøde

Skjer dødsfallet på ein institusjon eller eit sjukehus vil den avdøde som regel bli brakt til staden sitt kjølerom same dag eller dagen etter dødsfallet.

Ved dødsfall i heimen vil vi etter nærare avtale med dei pårørande bringe den avdøde til næraste gravkapell eller institusjon. Vi er tilgjengelege på vår vakttelefon heile døgnet.

3. Besørge begravelsen

Av og til kan det vere at den avdøde sjølv hadde spesielle ynskjer om sin eigen begravelse. Det bør då bli gitt respekt for den avdøde sin religion og livssyn. Har avdøde uttrykt andre ynskjer, er det den ansvarlege for begravelsen som avgjere om desse skal følgjast. I nokre tilfelle har den avdøde laga ei skriftleg viljeserklæring.

4. Planlegging og forbereding

Dei pårørande tar kontakt med begravelsesbyrået for å gjere ei avtale om eit møte/konferanse, der ein møter begravelsesagenten for å planlegge begravelsen. Eit slikt møte tar vanlegvis 2-3 timer, og er det behov for det kan ein avtale fleire møter. 

5. Syning - å sjå den avdøde

Viss dei pårørande ynskjer å sjå den avdøde kan vi sørgje for tilrettelegging for dette. Ved nokre institusjonar kan ein få ordna med syning på den avdøde sitt rom. Ynskjer ein å sjå den avdøde stelt og nedlagt i kiste, kan ein få gjennomført dette etter ei direkte avtale med begravelsesbyrået. 

6. Transport

Byrået transporterer kista ifrå dødsstaden og deretter til ein eigna stad der avdøde skal ligge frem til seremonidagen. Nokre gonger må den avdøde transporterast til seremonistad på sjølve seremonidagen, og etter endt seremoni kan det i enkelte tilfeller vere at ein må ha transport vidare til gravlund eller krematorium. 

7. Seremoni

Ein seremoni skal finne stad seinast 10 virkedagar etter at dødsfallet har inntruffe. Korleis sjølve seremonien skal gjennomførast er det dei pårørande som bestemmer. Oftast er dette i ei kyrke, men det fins også andre alternativ for dei som ikkje har tilknyting til eit religiøst trussamfunn.

8. Minnesamvær

Mange ynskjer å samlast etter ein begravelse til eit minnesamvære. Vårt byrå kan vere behjelpeleg med å bestille lokalar og catering viss pårørande ynskjer dette. 

9. Offentlege dokument

Når ein person dør, er det fleire offentlege kontor som skal ha melding om dette. Gjennom samtalen med oss vil vi gje informasjon om dette. Til kva slags instansar vi melder ifrå til og til kva instansar du sjølv som pårørande må gje beskjed.